Og Kim Larsen og Kaizers Orchestra blir med på festen.
– Her er noko for einkvar smak, slår festivalsjefen for Tysnesfest fast.
Av: Jan Petter Svendal (NyttiOs.com)
Bli tilhenger av NyttiOs på Facebook
Alt i kveld skal Helene Bøksle halda kyrkjekonsert på Onarheim.
– Det vert utan tvil eit av høgdepunkta under festivalen, men her skjer det interessante ting kvar dag, seier festivalsjef for Tysnesfest, Sigvard Madsen til avisa Sunnhordland.
– På torsdag står skipsfart i sentrum, og det kjem til å vera maritim stand på kaien i Våge. Kvar dag frå torsdag til laurdag vil det også vera mogleg å ta ein tur med seglskute eller dampbåt, fortel han.
– På fredag viar me tid til nynorsken; då får me får besøk av både språkvitar Sylfest Lomheim og populærorkesteret Finn-Erix frå Radio Røynda i NRK, held han fram.
Mange store namn
Kim Larsen og Kaizers Orchestra kjem nok til å trekka mykje folk. Kim Larsen og Kjukken speler på torsdag, medan Kaizers går på scenen fredag, etter at mellom andre Bjørn Eidsvåg og Gabrielle har sunge frå seg.
Men også Aqua, Marit Larsen og CC Cowboys skal i aksjon. Søndag kveld går dei siste arrangementa av stabelen då Mari Boine held konsert i Kjevikjo og sopranen Ailie Jane Reid syng opera på Haaheim Gaard.
Her ser du video fra fjorårets festival!
Enkel tilkomst
På kaien i Våge har det kome på plass mange båtar, men der er kaiplass til mange fleire, så dei neste dagane blir det nok nesten mogleg å gå tørrskodd i hamna.
Det går bussar til og frå hovudscenen på Gjerstad både frå bygdene på Tysnes og ferjekaien på Hodnanes. Det vil også gå gratisbussar frå campingplassen i Uggdal.
Får dei som bur på andre sida av fjorden, vert det mulig å ta bokbåten Epos, eller ferja mellom Halhjem og Våge.
Fullt festivalprogram og bussruter finst på nettsidene til Tysnesfest.







