Nyttårskonsert i Oseana!

Søndag  29. januar inviterer janitsjaren i Os musikkforening med gjester til nyttårskonsert.

 

Bli tilhenger av NyttiOs på Facebook

I år har vi bede Os spelemannslag om å feira det nye året saman med oss, og vi ynskjer velkommen til ein variert konsert i Oseanasalen.

Os spelemannslag byr på både reinlender, hamborgar, vals og slåttemusikk. Dei har eit samarbeid med Os Folkedanslag som vil nytta høvet til å visa fram nokre dansar medan spelemannslaget spelar. I tillegg vil tidlegare medlem av laget, Eirin Røykenes kveda. Os spelemannslag er eit lite, men eksklusivt lag som øver i Oseana. Dei har eit stort ynskje om at Os kulturskule vil oppretta ei eigen folkemusikkline, det ville nok gjeve vekst i laget samstundes som viktige musikktradisjonar ville bli ført vidare på ein god måte.

Janitsjaren, med sin dirigent Rune Hanisdal, stiller som vanleg med eit variert og spanande program. Det er funne plass til mykje – mellom anna korpsmusikk av Gustav Holst, ein russisk marsj, musikk som høyrer heime på ein nyttårskonsert og morosam musikk av den lette sorten. Solistar frå egne rekkjer blir det óg.

I tillegg til den musikalske opplevinga blir det rik anledning til å slå av ein prat med kjente og andre musikkvener i pausen.

Alt ligg til rette for ein hyggjeleg kveld.

Vel møtt i  kl. 18.00 søndag!


Legg igjen et svar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Log Out / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Log Out / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Log Out / Endre )

Kobler til %s

Følg med

Få nye innlegg levert til din innboks.